Ei historie om kvalitet som varer
Milla’s Room vart etablert i 2014 av Kjellaug Westbye Abrahamsen, med ein visjon om å skape ein butikk der kvalitet, godt handverk og personleg service står i sentrum. Frå starten har målet vore det same som i dag – å tilby tidlause plagg av høg kvalitet, laga for å trivast i og vare over tid.
Namnet Milla’s Room er ei hyllest til Kjellaug si bestemor, Anna Emilie, som vart kalla Milla. Ho var oppteken av klede, strikka mykje og sette pris på reine materialar og godt handverk. Milla var hardtarbeidande og hadde ei sterk tru på at kvalitet betyr noko. Ho hadde den same garderoba i mange år, nettopp fordi gode plagg varer.
Kvinna bak idéen
Bak Milla’s Room står Kjellaug Westbye Abrahamsen, fødd og oppvaksen i Seljord og busett i Flatdal. Med utdanning og vidareutdanning innan økonomi, og mange års erfaring som næringsdrivande, har ho lang erfaring med handel og kundar.
Før ho starta Milla’s Room dreiv Kjellaug daglegvare i ei årrekkje. Ho har alltid vore glad i menneske og lokalsamfunnet, og ønsket om å skape gode møte mellom folk har vore ein viktig del av hennar reise som gründer.
Klede med personlegheit
For Kjellaug handlar klede om meir enn mote. Ho er oppteken av korleis gode plagg kan skape identitet, tryggleik og trivsel. Ho har ein stor interesse for godt handverk, både innan klede og sko, og legg mykje arbeid i å velje ut merkevarer med gode materialar, kvalitet og eit tidlaust uttrykk.
I Milla’s Room finn du eit nøye utvalt sortiment med hovudvekt på dameklede. Målet er å hjelpe kvar kunde med å finne plagg som passar både stilen og kvardagen deira.