Tidlaus stil, stil for å vare

Midt i hjartet av Seljord har me i lang tid hjulpe kundar med å finne klede som kombinerer kvalitet, komfort og tidlaus eleganse.

Vår visjon

Hos oss finn du nøye utvalde kolleksjonar for deg som set pris på tidlaus stil, høg kvalitet og god komfort. Me trur på klede som varer – både i uttrykk og kvalitet – og fører anerkjende merkevarer laga av naturmateriale og solid handverk. Enten du er på jakt etter eit klassisk antrekk til ei spesiell anledning eller plagg som kan brukast og kombinerast sesong etter sesong, ønskjer me å hjelpe deg med å finne klede du vil trivast i og ha glede av i mange år.

Bilde av rosa Modalu veske

Om butikken

Milla’s Room vart etablert i 2014 av Kjellaug Westbye Abrahamsen, som framleis driv butikken i dag. Med bakgrunn og erfaring innan handel har ho skapt ein butikk med fokus på tidlaus stil, kvalitet og personleg service. Her finn du nøye utvalde merkevarer, gode materialar og klede som er laga for å trivast i – enten du ser etter noko spesielt eller ein ny favoritt til kvardagen.

 

Midt i hjartet av Seljord

Du finn oss midt i den gamle handlegata i Seljord. Her ønskjer me å vere ein del av eit levande lokalmiljø, med fokus på gode kundeopplevingar, personleg service og klede av høg kvalitet. Ta turen innom og sjå utvalet vårt.

Våre Åpningstider

Her finn du oppdaterte åpningstider.

Man-fre: 10.00-16.00
Lør: 11.00-15.00

Følg oss på sosiale medier